Registrer ny bruker English version of pages

TURSØK

Søk

WEBKAMERA

Web kamera|C|

Vermedalen

Kyllingbrua

Også kalt: Kylling bru

Kyllingbrua 
Foto: Halvard Hatlen

Denne kvelva steinbrua utgjer ein del av Raumabana mellom Dombås og Åndalsnes. Brua vart bygd over ein tiårsperiode mellom 1913 og 1923. Brua er 76m lang, og det er 59,3 meter frå skinnegongen ned til elva. Brua er bygd i gneisgranitt, og har eit hovudkvelv på 42 meter. I tillegg har brua to sidekvelv på henholdsvis 8 og 10 meter, samt 6 sparekvelv som kvar måler 3,5 meter. Brua er sjølvberande, og kosta 676 000 kroner.

OMRÅDER